347 liter

Kvart sekund leverer vassbehandlingsanlegget ved Brusdalsvatnet 347 liter reint, godt drikkevatn. 

barn som drikk vatn - Klikk for stort bilete

 

22. mars er Verdas vanndag og Bypatrioten har vore på besøk på vassbehandlingsanlegget ved Brusdalsvatnet. 

  • Her leverer dei kvar dag 30 millionar liter reint, drikkevatn til folk og næringsliv.
  • Kvar dag blir det brukt 50 kilo salt til klorproduksjon.
  • Og kvar dag får nesten halvparten av innbyggarane på Sunnmøre reint, trygt og godt drikkevatn her i frå.

Visste du forresten at kvar månad kjem det 238 tonn med marmor til vassbehandlingsanlegget? Marmor som blir spist opp av vatnet slik at nesten månad trengst det nye lastebillass med den kvite steinen?

Ålesund kommune har dyktige folk og ein god “fabrikk” for å produsere vatn, men den enklaste og billegaste måten å drive vassbehandling på, er å ta vare på råvasskjelda.

Heile artikkelen i Bypatrioten kan du lese her. 

rør i vassbehandlingsanlegg - Klikk for stort bileteStore rør må til i vassbehandlingsanlegget for å produsere 30 millionar liter reint vatn i døgnet.