Økonomirapport, investeringsbudsjett og sal av eigedommarTorsdag 25. april kl. 14.30 er det klart for nytt møte i kommunestyret. Møte er ope for publikum, men du kan også følgje direkte på Kommune-TV.Kommunestyremøtet Jon Åge Giske Andersen Dette kommunestyremøte startar litt tidlegare enn vanleg grunna at det skal arrangerast workshop. Her skal kommunestyret få drøfte dei to sentrale rammevilkåra for kommunal planlegging: demografiske utviklingstrekk og kommuneøkonomi. Dette blir gjort som eit ledd i arbeidet med å lage ein ny kommunal planstrategi for perioden 2024-2027 og den komande revisjonen av kommuneplanen sin samfunnsdel. Forenkla økonomirapportÅlesund kommune står overfor eit forventa meirforbruk på 287 millionar kroner for 2024, med allereie 85 millionar kroner brukt dei to første månadene. For å unngå eit betydeleg underskot ved slutten av året er det difor påkravt å gjennomføre ytterleg innsparingar snarast.Kommunestyret ber no kommunedirektøren om å utarbeide eit forslag til budsjettkorrigeringar for å unngå underskot, og at det frå 2025 og dei seinare åra blir gjort endringar slik at budsjettet kan gjere det mogleg å vedta eit realistisk budsjett i balanse. Andre saker på sakslista: Forenkla økonomirapport pr. februar 2024Investeringsbudsjett Ålesund kommunale eigedom KF - Vidareføring av unytta prosjektmidlar frå 2023 til 2024Sal av eigedommar Interkommunal sjøarealplanBreivika industriveg - gbnr. 36/13, detaljregulering for ny hovud brannstasjonOversikt over praksis i andre kommunar i Møre og Romsdal og nasjonalt med tilskotsordning ved varsel om pålegg om tilknyting til offentleg vass- og avløpsnettHelårs skoleskyss elever 5-7 trinn bosatt i Olsvika, Spjelkavik barneskoleSpørsmål om utviding av tal medlemmer i Råd for menneske med nedsett funksjonsevneHessa, Skarbøvik og Aspøy kommunedelsutval - val av leiar og nestleiar. Ny behandlingMøre og Romsdal 110-sentral Ålesund KF - val av nestleiarFølg møte direkteSjå møtedokument for dagens møte.Du kan følge møte på Kommune-TV frå kl. 14.30 anten i visning under eller ved å gå direkte til sendinga i Kommune-TV. Sist endra 02.05.2024 11.19