Søk om midlar for fritids- og ferieaktivitetar for sommaren 2024

Ålesund kommune deler ut midlar for å dekke ferie- og fritidstiltak for funksjonshemma og miljøtrua barn og ungdom. Søknadsfristen er 12. mai. 


Ålesund kommune sitt feriefond er ei stifting som blei oppretta 11. april 1985, blant anna ved sal av ein feriekoloni. I tillegg er nokre mindre legat innlemma i stiftinga. Fondet si inntekt er renteinntekt frå bankinnskot, og det er dei årlege renteavkastningane som blir delt ut til søkjarar.

Fondet sin frie kapital skal heilt eller delvis tildelast barn og ungdom som er

1. psykisk og/eller fysisk funksjonshemma, eller

2. miljøtrua/vanskelegstilt og

3. under 21 år, og heimehøyrande i Ålesund kommune

Søk om midlar

Det kan søkjast om midlar som skal vere med på å dekkje fritids- og ferieaktivitetar for sommaren 2024.  Søknadsfristen er 12. mai 2024. Det er styret for feriefondet, beståande av tre politikarar og ein seksjonssjef frå kommunalområde oppvekst, som fordelar midlane. Det vil bli delt ut midlar for sommaren 2024. 

Søk om midlar frå feriefondet