Har du lyst på eit spennande verv?

Ålesund kommune treng fleire meddommarar til tingretten og lagretten. Er dette noko du, eller nokon du kjenner, kunne hatt lyst til? 

tre personar som står i lag - Klikk for stort bileteÅlesund kommune treng fleire meddommarar. Domstol.no

Ein meddommar eller lagrettemedlemar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Og tilbakemeldingane er ofte at folk synes at dette både er spanande og interessant å få vere med på. Mange har difor stått i fleire periodar. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla ein til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger. Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og til vanleg får du fri frå jobb for å utføre vervet. Om du taper arbeidsforteneste vert det gitt erstatning for det.

Kven kan bli meddommar og korleis søke? 

Alle som er mellom 21 og 70 år og folkeregistrert i Ålesund kommune kan søke.  Vi ønsker mangfald, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting. Og vi oppmodar spesielt menn til å søke

Ålesund kommune pliktar å undersøke om du fyller vandelskrava.

Nye meddommarar blir tatt inn fortløpande. For å søke fyller du ut dette enkle skjemaet, så er du registrert. Kommunestyret vil så behandle saka i neste møte, og du vil så få eit brev om vedtaket.

For utfyllande informasjon kan du lese meir om dette på sida vår.