Krisesenter
Avdeling |
Telefon |
---|---|
Menn | 90 70 74 33 |
Kvinner | 70 16 33 33 |
Alle kommunar er pålagde å gi eit tilbod om krisesenter for kvinner, barn og menn som opplever fysisk og psykisk vald eller truslar om vald.
Du kan vere utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone/mann, barn og barnebarn eller andre.
Begge tilboda er gratis lavterskeltilbod, og for alle nasjonalitetar.
Du tar direkte kontakt og treng ikkje tilvising eller timeavtale. Vi svarer og kan gi råd på telefonen heile døgnet!
Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader. Det blir gitt tilbod om midlertidig butilbod (aleine eller saman med born), hjelp og samtalar, og vi gir rådgjevning på dagtid.
Krisesenter for Sunnmøre har egne nettsider
Om tilbodet
Krisesenter for menn og krisesenter for kvinner er eit tillegg til det offentlege hjelpeapparatet i samarbeidskommunane.
- Dagtilbod - samtale, råd, rettleiing, støtte og omsorg.
- Døgntilbud (for ei kortare periode). Vern og rådgjevning, kontakt med naudsynt hjelpeapparat, støtte og omsorg, samtale.
- Tilbod om gratis rådgjevning hjå advokat
Dei to interkommunale krisesentra er eit tilbod for dei som er busett på Sunnmøre; Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sandøy og Sykkylven. Men andre kan også ta kontakt, så viser vi vidare til rett stad.
Dei som nyttar tenesta har krav på ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet. Kommunane skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane.
Lovverket
Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)
Tilbodet skal etter lova omfatte:
a) eit gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
b) eit gratis dagtilbod, og
c) eit heilårs og heildøgns tilbod der personar kan få råd og rettleiing per telefon, og
d) oppfølging i reetableringsfasen.
Dine juridiske rettar (brosjyre frå Justisdepartementet).
Andre nettressursar
Overgrepsmottaket | Politiet | Familievernkontoret |Alternativ til Vold | Reform | Krisesentersekretariatet | Norsk krisesenterforbund