Kven er tilbodet for?
Har du nyoppståtte, avgrensa plager som påverkar kvardagen din? Rask psykisk helsehjelp er eit tilbod til deg som opplever lette til moderate utfordringar – som til dømes panikkangst, nedstemtheit og grubling, sterk bekymring, stress eller søvnvanskar.
Tilbodet er gratis for alle over 16 år som bur i Ålesund kommune.
Rask psykisk helsehjelp passer ikkje for deg som:
- har behov for akutt helsehjelp (kontakt legevakt på 116 117 eller fastlege)
- har alvorlege eller samansette psykiske vanskar
- er i ei akutt livskrise eller treng langvarig behandling
- allereie mottek eller er tilvist til annan psykisk helsehjelp
- mottek kommunale tenester knytt til psykisk helse.
Studentar i Ålesund bør først undersøkje tilbodet hos Studentsamskipnaden.
Tilbod om behandling
Gjennomsnittleg varigheit på hjelpa er 6–8 veker, og blir gitt i form av kurs, grupper eller rettleidd sjølvhjelp.
Kven er gruppa for?
Livet går opp og ned for dei fleste av oss, og det er heilt normalt å kjenne seg trist innimellom. Men dersom du har vore nedstemt over tid, har lite energi eller har mist interessa for ting du vanlegvis likar, kan det vere lurt å ta grep. Dette kurset kan hjelpe deg.
Kva går gruppa ut på?
Kartlegging: Identifisere tidlege teikn og utløysande faktorar (triggarar) for depresjon
Tankemønster: Kjenne att negative «automatiske» tankar og kritisk indre dialog
Aktivitetsplanlegging: Korleis bryte passivitet og gradvis ta tilbake lystbetonte aktivitetar
Problemløysing: Konkrete strategiar for å handtere kvardagslege utfordringar
Målet med gruppa
Du lærer metodar og teknikkar for å handtere depresjon
Du får verktøy for å førebyggje nye episodar
Praktisk informasjon
Kurset går over 6 veker og består av ei samling på om lag 2 timar kvar veke. Gruppa blir leia av to terapeutar. Det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs. Kursmateriellet er nettbasert, og du får utdelt ein individuell kode før første samling.
Søvngruppe kan passe for personar som har vanskar med å få sove, vaknar for tidleg, eller har mange oppvakningar i løpet av natta.
Alle som melder si interesse vil bli oppringt for ein samtale om sine søvnvanskar, og få meir informasjon om behandlinga.
Praktisk informasjon
Gruppa går over 8 veker og består av ei samling kvar veke. Gruppa blir leia av to terapeuter. Vi har plass til 8 – 12 deltakarar på kvar gruppe. Kursmateriell vil bli utdelt første kursdag.
Kven er kurset for?
Kurset er for personar som ønskjer å betre evna til å handtere belastning. Kva som blir opplevd som belastning er individuelt og kan endrast over tid. Belastningar kan oppstå på ulike arenaer, og kan knyttast til ulike livssituasjonar.
Kva går kurset ut på?
Dette kurset er basert på forståinga av samanhengen mellom belastning, stress og meistring. På kurset blir det jobba med å kartlegge eigne belastningar og eigen meistring- og tankestil. For å få best mogleg utbytte av kurset, er det lagt opp til stor grad av eigenaktivitet. Dette dreier seg om øving i metodar og teknikkar på kursdagane saman med heimeoppgåver.
Målet med kurset
På kurset lærer du metodar og teknikkar for å betre eiga meistringsevne. Målet er å meistre belastninga på ein slik måte at den kan opplevast som kontrollerbar eller handterleg.
Metode
Kurset er basert på kognitiv terapi, og kunnskap om stress, belastning og meistring er ein sentral del av innhaldet i kurset.
Praktisk informasjon
Kurset går over 5 veker, og består av ei samling på to timar kvar veke. Gruppa blir leia av to terapeutar. Vi har plass til 8 deltakarar på kvart kurs. Kursmateriellet er internettbasert, og det blir gitt ut ein individuell kode til kvar enkelt før første samling. Deltaking krev noko datakunnskap, og tilgang til nettbrett eller datamaskin.
Kven er gruppa for?
Gruppa er for personar som opplever at bekymringane går ut over kvardagen i så stor grad at ein ønskjer å gjere noko med det. Det kan vere bekymringar for eiga helse, for nokon i familien, for økonomien, for jobb eller situasjonen i verda.
Det er normalt å bekymre seg, men av og til blir det så mykje at ein kjennar uro i kroppen, trykk i brystet, det blir vanskelegare å sove, vanskelegare å konsentrere seg eller berre vere til stades i kvardagen. Kanskje blir ein meir irritabel og byrjar å bekymre seg for at ein bekymrar seg for mykje.
Kva går gruppa ut på?
Denne gruppa er basert på bevisstgjering av samanhengen mellom eigne tankemønster og kroppslege reaksjonar. Du vil lære verktøy for å handtere bekymringar på ein meir formålstenleg måte.
For å få best mogleg utbytte av gruppa, er det lagt opp til stor grad av eigenaktivitet, i form av øving på verktøy, heimeoppgåver osb.
Målet med kurset
I gruppa lærer du metodar og teknikkar for å handtere bekymringar på ein meir formålstenleg måte, slik at bekymringar blir opplevde meir handterlege i kvardagen.
Metode
Gruppen er basert på kognitiv terapi, og kunnskap om korleis bekymringar påverkar oss både mentalt og kroppsleg, og dessutan åtferdsmessig er sentralt.
Praktisk informasjon
Gruppen går over 5 veker, og dessutan ein booster-samling etter 6 veker. Ei samling per veke på to timar. Gruppa blir leidd av to terapeutar. Vi har plass til 12 deltakarar på kvar gruppe.
Veileda sjølvhjelp/Veileda internettbehandling
Veileda sjølvhjelp er eit tilbod der du og din terapeut blir samde om eit sjølvhjelpsprogram. Målet er auka kunnskap og lære teknikkar for å handtere ulike psykiske utfordringar. Metoden er fleksibel ved at du kan jobbe med programmet på eiga hand når det passar, kombinert med vekentleg telefonveiledning fra din terapeut. Det blir tilbudt ulike program, tilpassa ulike psykiske vanskar.
Endringsfokuserte samtaler/Samtalebehandling
Kognitiv terapi i form av samtalar handler i stor grad om å få hjelp til å sortere, bli medviten og lære teknikkar for å handtere tankar/følelsar på ein meir hensiktsmessig måte. I samtalane vil du saman med ein terapeut få veiledning knytt til dette, saman med konkrete heimeoppgåver. Dette er for å teste ut teknikkane i dine omgivnader. I gjennomsnitt har vi 6 – 8 samtalar, og vurderer effekt og nytte undervegs. Ofte kombinerast individuelle samtalar med andre tilbod, som kurs eller veileda sjølvhjelp.
Kven er vi?
Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av psykolog, psykiatriske sjukepleiarar og sosionomar. Alle har vidareutdanning, eller er under utdanning innan kognitiv terapi.
Vi samarbeidar med andre instansar dersom dette er hensiktsmessig, f.eks. fastlege. Dette skjer i samråd med deg. Vi har teieplikt, slik som anna helsepersonell.
Slik søkjar du rask psykisk helsehjelp
Tenker du at du er i målgruppa og ønskjer eit tilbod frå oss? Da må du bestille deg time til ein kartleggingssamtale over telefon. Denne samtalen vil vi bruke til å finne ut om Rask psykisk helsehjelp er rett tilbod for deg.
Bestill time
- Når du har bestilt time; vil du få stadfesting på time i HelsaMi, seinast dagen før tidspunktet du har valgt.
- Du vil få tilsendt nokre kartleggingsskjema i HelsaMi, seinast dagen før timen. Desse skal du svare på før vi ringer deg.
Vi legg ut nye timar til kartleggingssamtale for to veker i gangen.
Treng du rettleiing i bruk av HelsaMi kan du ringe brukarstøtte for HelsaMi på tlf. 72 88 37 97 (kvardagar frå 09:00 - 15:00).
Det er stor pågang på våre tenester. Om du ikkje finner ledige timer, så prøv igjen seinare. Vi legg ut ledige timar fortløpande.
Kva kostar tilbodet?
Rask psykisk helsehjelp er gratis, og du treng ikkje tilvisning frå lege.
For samarbeidspartnarar
Om du er samarbeidspartar (fastlege, helsesjukepleiar og liknande) og vil vite meir om Rask psykisk helsehjelp, kan du sende inn eit Samarbeidpartnerskjema.
Kvar finn du oss?
Vårt kurs og gruppelokale finn du i Fjellgata 42, 4.etg på Klipra
Skal du til samtale med behandler, møter du i Fjellgata 49, 2.etg