Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Administrative reglement

Brukarutval for helse- og omsorgstenestene (reglement)

Vedteke i by-sak 127/15,  15.11.2015

pdfReglementet som pdf-fil

Føremål:

Oppretting av Brukaruvalg er heimla i «Lov om kommunale helse - og omsorgstjenester» § 3.1, 3.ledd:

«Kommunens ansvar etter første ledd innebærer plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere virksomheten, slik at tjenestenes omfang og innhold er i samsvar med krav fastsatt i lov eller forskrift

Brukarutvalet skal vere ein arena for dialog mellom brukar/pårørande, tenesteapparat og politisk leiing der brukardialog og brukarmedverknad er ein viktig føresetnad for god tenesteutvikling innan helse- og omsorgstenestene i kommuna.

Brukarutvalet skal i tillegg vere ein arena for gjensidig informasjon og erfaringsutveksling i saker av felles karakter innan tenesteområda.

Utvalet skal ikkje handsame saker vedkommande einskilde brukarar.

Utvalet skal ikkje handsame klagesaker.

Utvalet kjem i tillegg til dei formelle høyringsorgana for tenesteområdet.

Samansetjing, funksjonstid og møtefrekvens:

Brukarutvalet har fylgjande samansetnad:

  • 2 brukarrepresentantar frå institusjonssida
  • 2 brukarrepresentantar frå heimetenestene
  • 1 representant frå verksemdsleiinga
  • 1 representant frå tilsette
  • 1 representant frå Komité for helse og velferd

Representanten frå Komité for helse og velferd er leiar for utvalet.

Rådmannen utnemner i tillegg ein representant frå administrasjonen som har sekretærfunksjon for utvalet.

Medlemmane vert valde frå 2 år i gangen med vararepresentantar fortrinnsvis frå dei verksemdene som ikkje er direkte representert i utvalet.

Det skal veljast varamedlemar for alle medlemane. For medlemane frå verksemdsleiinga og frå dei tilsette alternerer medlem og varamedlem ved nyval for å gje breiast mogeleg kontakt med tenesteapparatet.

Utskifting skjer etter kvart kommuneval, og midt i valperioden. Når eit medlem frå brukarsida går ut midt i sin funksjonsperiode, trer varamedlem inn som fast medlem, dersom dette er mogeleg. Verksemda som har nominert eit medlem eller varamedlem som sluttar midt i perioden, vel eit nytt medlem eller varamedlem. Dersom verksemda ikkje har lokalt brukarutval, skjer nominering gjennom førespunad til brukarar og pårørande.

Utvalet møter minst 4 ganger pr år.

Brukarrepresentantane og medlem frå Komité for helse og velferd vert godtgjort i samsvar med kommunalt reglement for godtgjerdsle.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119