Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Ein liten status frå Skarbøvika

Skarbøvika - veiarbeid i sluttfasen

Prosjektet i Skarbøvika Syd nærmar seg snart ein slutt. Nye vass- og avløpsleidningar og ny asfalt er no på plass. Vi vil difor takka samarbeidspartnarar, naboar og trafikantar for tolmodet.

Det har vore mykje arbeid, bekreftar avdelingsingeniør Einar Løkken i Ålesund kommune. For prosjektet med Skarbøvika Syd byrja allereie i 2017.

- Vi har skifta vass- og avløpsleidningar frå krysset i Sjøvegen og opp bakketoppen i Kaptein Linges veg. Infrastrukturen i grunnen var dessutan i så dårleg stand at det var fare for vegkollaps, men no er alt nytt og ordna.

Statens vegvesen har også lagt ny asfalt. No arbeider Løkken og mannskapen med å avslutte prosjektet før fellesferien 9. juli.

Dette står att

  • Kulvert ut av køyrevegen/gangvegen til Osane grusbane
  • Kantsteinstøyping
  • Veglys i Kaptein Linges veg
  • Generell tilstelling av sidearealet

- Vi i Ålesund kommune vil difor rette nok ei takk til alle som har medverka til at prosjektet har gått bra, også når utfordringane har meldt seg.

Skarbøvika: veiarbeid i sluttfasen, her er siste rør som gjenstår.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119