Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Politisk struktur og budsjett for nye Ålesund

fellesnemnda1 staale wattø sumpenFellesnemnda for nye Ålesund kommune har politisk organisering iog bud på agendaen i dag, 7. desember. Møtet startar klokka 11.30 og kan følgast direkte på nett.

Fellesnemnda skal ha sitt siste møte i år 7. desember. Møtet er på ID-huset i Haram og begynner klokka 11.30 og du kan følge møtet direkte på nett. Sendinga startar ikkje før møtet startar. Her får du ei oversikt over nokre av sakene som skal behandlast i møtet.

Politisk organisering

Fellesnemnda skal behandle forslag til hovudprinsipp for politisk organisering i nye Ålesund. 

Komiteen Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad arbeider med å greie ut og innstille på overordna politisk organisasjon for den nye kommunen. Komiteen består av to folkevalde og ein administrativ representant frå kvar kommune, i tillegg til ein representant for dei tillitsvalde og rådgivar for demokratiutvikling. Komiteen slår fast at det politiske arbeidet i nye Ålesund må organiserast i tråd med intensjonsavtalen, på ein måte som utnyttar kunnskapen og ideane som fins blant innbyggarar, folkevalde og administrasjon på best mogleg måte. Det er fem til dels svært ulike politiske kulturar og forskjellige arbeidsformer som skal samordnast. Målet er å sikre ei politisk styring av den nye kommunen som både er påliteleg, ansvarleg, effektiv og borgarnær, og kapabel til fornying og omstilling.

Intensjonsavtalen slår fast at den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen. Det er og fatta likelydande vedtak i dei fem kommunane om at det nye kommunestyret skal ha 77 representantar.

Forslaget frå komiteen 

  • Formannskapet skal ha 15 representantar.
  • I samsvar med intensjonsavtalen kan det vere gjennomgåande representasjon i den politiske organisasjonen. I dette spørsmålet er utvalet delt mellom to alternativ:
    • A: Nye Ålesund kommune skal vere organisert med både faste utval, og tidsavgrensa ad-hoc komitear/oppgåveutval.
    • B: Nye Ålesund kommune skal ver eorganisert med både kommunestyrekomitear og tidsavgrensa ad-hoc komitear/oppgåveutval.

Komiteen skal i første kvartal utgreie kva alternativ som bør gjelde, og melde tilbake til fellesnemnda om dette.

  • Nye Ålesund kommune skal ha eit eige planutval.
  • Kontrollutvalet skal ha fem medlemmar; minimum tre av desse skal vere kommunestyrerepresentantar.
  • Kommunestyret må vere det organet som tar avgjerder i viktige politiske saker. Uansett kva slags underorgan som blir oppretta, bør kommunestyret vere hovudverkstaden for politikkutforming, og ein aktiv arena for politisk drøfting.
  • Det er ønskeleg med tidleg involvering i saksførebuande prosessar; det må takast høgde for dette i utviklinga av arbeidsformer i politiske organ.
  • Arbeidsform og organisering må skape rom for ulike politikarroller.

Du kan sjå heile forslaget og forslag til vidare arbeid i saksdokumenta.

Prosjektbudsjett

Fellesnemnda skal behandle prosjektbudsjettet for 2017 - 2019. Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda vedtar forslaget.

Budsjettet skal bidra til oppfølging av intensjonsavtalen, mandatet til fellesnemnda, det overordna styringsdokumentet og ulike vedtak i fellesnemnda.

På desse åra har prosjektet 73 450 000 kroner til disposisjon.

Arbeidsutvalet gjekk inn for å fordele pengane slik:

  • 61,5 millionar kroner kjem frå Kommunal- og moderiniseringsdepartementet (KMD) som ein delvis kompensasjon for eingongskostnader knytt til ei samanslåing.
  • 5 millionar kroner frå KMD etter søknad om pengar til infrastrukturtilskot. Pengane skal gå til;Utredning av gang- og sykkelveg mellom Skodje, Ørskog og Ålesund (0,5 millionar).
  • Etablering av firberkabel til kommunaldrift, spesifisert i seks parsellar (4,5 millionar).
  • 6 millionar kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen til innovasjons- og utviklingsarbeid.
  • 950 000 kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen til demokratiutvikling.

Utgiftene i prosjektet er sett til 72 750 000 kroner.

Utgiftene fordeler seg på løn, husleige, møtegodtgjersle, frikjøp for tillitsvalde og interne frikjøp og andre administrative utgifter for å bygge den nye kommunen.

Uttale til budsjett og økonomiplanar 

Fellesnemnda skal etter reglane gje ein uttale om årsbudsjetta og økonomiplanen for dei kommunane som er med i den nye kommunen. Uttalen skal sendast til Fylkesmannen.

Forslaget frå rådmannen er å gje denne uttalen:

"Dei fem kommunane som saman skal skipe nye Ålesund kommune har ulike økonomiske utgangspunkt. Felles for alle kommunane er at driftsrammene for dei kommande åra er venta å bli krevande. Nokre kommunar har dels store investeringsbehov, noko som ytterlegare vil legge press på den einskilde kommunes økonomi i åra som kjem. Dette gjeld særleg dei mindre kommunane i nye Ålesund. Gjeldsauken i dei fem kommunana vil tail ein viss grad også vere med på å avgrense den framtidige økonomiske handlefridommen for nye Ålesund kommune. Fellesnemnda meiner likevel at budsjetta og økonomiplanane sett under eitt for dei fem kommunane, er i samsvar med politiske prioriteringar for den nye kommunen, og innanfor det økonomiske handlingsrommet for den nye kommunen."

Du får ein oversikt over økonomien i dei enkelte kommunane i sakspapira.

Komité for kommunevåpen og ordførarkjede

Fellesnemnda skal også ta stilling til medlemmar til komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede. Fellesnemnda vedtok på forrige møte at det skal utnemnast to politiske representantar frå kvar kommune til denne komiteen - ein fast og ein vara. No er forslaga på namn klare:

Faste medlemmer:

  • Vebjørn Krogsæter, Sp - Haram (leiar)
  • Janet Roelofs, Sp- Ørskog (nestleiar)
  • Terje Vadset, Frp  - Skodje
  • Lodvar Hogne Espeland, Ap - Sandøy
  • Monica Molvær, H - Ålesund

Varamedlemmar:

  • Ewa Hildre, H - Haram
  • Knut Harstad, H - Ørskog
  • Karoline Stette, Sp - Skodje
  • Lena Husøy, Ap - Sandøy
  • Sindre Nakken, Ap - Ålesund

Møtet

fellesnemnda streamingMøtet er opent for publikum og kan også følgast på nett ved å klikke på bildet under. Du finn alle sakene som skal behandlast i sakspapira til møtet.

Du kan følge møtet direkte her (sendinga startar ikkje før møtet begynner).

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119