Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Mulig endra busstilbod i Giske og Ålesund

 

Busspassasjer Fram buss foto Terje Aamodt- Busstraseane og –rutene har vore uendra i kommunane Giske og Ålesund i mange år, medan det har skjedd mykje med bustadutbygging og næringsutvikling, seier Svein Ivar Aarskog, rådgivar og fagansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 - Vi har derfor «kasta alt opp i lufta» og har sett på korleis vi kan gjere rutenettet og rutetilbodet betre og meir effektivt, seier han.

Gjennomgang i samarbeid med kommunane

Sidan i vår har fylkeskommunen i samarbeid med kommunane Ålesund og Giske jobba med ein gjennomgang av busstilbodet. I møtet i samferdselsutvalet 6. september fekk politikarane ei orientering om prosjektet og moglege tiltak.

- Basert på den gjennomgangen vi har gjort, legg vi fram eit forslag til korleis busstilbodet i Giske og Ålesund kan bli betre og meir effektivt, seier Aarskog. – Vi legg fram tre ulike alternativ, der alternativ ein viser kva vi kan gjere innanfor dagens økonomiske rammar, medan alternativ to og tre krev ekstra midlar.

Alle alternativa vil gje noko auke i tilbodet. Dette er mogleg fordi vi greier å effektivisere ein del ruter. Dersom det blir satt av ekstra midlar, kan tilbodet bli auka på kveld og helg, i tillegg til at det blir ekstra avgangar på dagtid. Samferdselsutvalet vil behandle saka 13. november. Tiltaka kjem så med i ruteendringsprosessen for 2018, og blir sett i verk frå 1. mai 2018.

Brukarundersøking

I samband med prosjektet har det vore gjennomført ei brukarundersøking. Dette for å kartlegge reisemønsteret til dei som brukar kollektivtransport i dag, og for å få innspel.

- Vi har samla inn nyttig informasjon om kor tid folk reiser og kor dei reiser, fortel Marit Holen, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. – Vi veit mykje frå før, basert på statistikk for på- og avstiging, og informasjon frå sjåførane. Men det er alltid veldig nyttig å få informasjon direkte frå brukarane, legg ho til.

I tillegg til å svare på spørsmål om reisemønster fekk respondentane moglegheit til å kome med kommentarar og innspel.

- Av viktige tilbakemeldingar kan vi nemne at folk har sterke ønske om eit betre tilbod på kveld og helg, at dei synest det tar for lang tid å reise kollektivt. Mange meiner at tilbodet ikkje er tilpassa dei som jobbar skift og turnus, seier Holen.

- I tillegg synes mange at det er dyrt med enkeltbillett. Mange hadde innspel om kollektivfelt, skoleskyss og annan kollektivtrafikk, som hurtigbåt og ferje. Dette fell utanfor mandatet til utviklingsprosjektet, men vi tar innspela med inn i andre prosessar, avsluttar Holen.

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119