Nettstedskart |English|
Ålesundkommune logo 246px
Ålesundkommune logo sidestilt 50h

Nyheter fra Ålesund kommune

Endra stoppestad under Ålesund Live

 Buss, foto: FRAM

I sommar skjer det endringar i stoppestad for rutebussar. Først ut er Ålesund Live og da blir det endra stoppestad fredag 16. og laurdag 17. juni ved rutebilstasjonen.

 

Fredag 16. juni og laurdag 17. juni frå kl. 17.20 og ut kvelden vil alle rutebussar som normalt går frå rutebilstasjonen i Ålesund, gå frå spor 5 oppe ved hovudvegen (Keiser Wilhelms gate).  I denne perioden kan ikkje bussane køyre inn på terminalområdet då området blir disponert av Ålesund Live.


Samarbeid for best mogleg flyt i kollektivtrafikken under festivalane


Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for FRAM, og har jobba saman med Ålesund kommune for å sikre best mogleg flyt i kollektivtrafikken i festivalperioden.

- Ålesund er kjent for dei gode festivalane sine, seier Leif-Olav Brandt, avdelingsingeniør i Ålesund kommune. - Festivalane skaper liv i byen og trekker folk til sentrum. Det er vi svært glade for! Vi ser samtidig at festivalstengde gater medfører ei utfordring for busstrafikken. Derfor jobbar vi no med fylkeskommunen for å finne ei best mogleg løysing både for dei som skal ta buss i sentrum og for dei som skal køyre bussen, seier Brandt.


Alternativ trasé i sommarmånadane


Under festivalane blir enkelte gater stengd for biltrafikk og bussane må køyre alternativ trasé. For å gjere det mest mogleg oversiktleg for publikum, vil bussane i sentrum køyre ein alternativ trasé i heile perioden frå Båtfestivalen startar til Matfestivalen er over.

- For at det ikkje skal være tvil om kor tid bussen køyrer alternativ trasé, køyer vi «sommartrasé» frå 8. juli til 27. august, opplyser Aarskog. Bybussane til Ålesund sentrum som brukar St. Olavsplass (linje 610,611,618 og 624), vil i staden køyre ruta Kipervikgata, Korsatunnellen, Ålesund rådhus, Rutebilstasjonen.

- I same periode vil heller ikkje Dronning Sonjas plass vere betjent. Bussane vil i staden gå frå Ålesund rådhus. Under Ålesund Live vil alle bussar gå frå spor 5, som er sporet opp mot hovduvegen, legg han til.


Sightseeing-buss og bytog får ny plassering


Bytoget og sightseeing-bussen vil i sommar gå frå spor 7 og 8 på rutebilstasjonen. Rutebussane som går frå desse spora til vanleg, vil bli flytta til andre spor i sommarmånadene.

 

 Kontakt oss

Sentralbordet 70 16 20 00 (kl. 08.00 - 15.45)
 
Post: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Besøk: Keiser Wilhelmsgt. 11, 6003 Ålesund

Åpningstider
Kontaktinformasjon
Organisasjon

Org.nr.  942 953 119